"Eg er Lisa, eg er fin"

”Eg er Lisa, eg er fin”

Med Magdalena From Delis og Atle Hansen

 

Ein song vart eit dikt som igjen vart ein dans.

”Eg er Lisa, eg er fin i den nye kjolen min,”

syng Lisa. Ho er på veg til skulen. 

Ho dansar og syng.
Ho har ny kjole og ny sekk 
og ho har ein hemmeleg kjærast som berre ho veit om.
Han med eit hemmeleg namn.

 

Det lange diktet ”Han med eit hemmeleg namn” står i barneboka ”Trøysteboka” (SKALD 2011).
Atle Hansen har skrive det med utgangspunkt i den kjende barnesongen om Lisa som går til skulen.
Men her tek forteljinga ei anna vending enn i songen.

 

Då Hansen skreiv dette diktet gjorde han det med tanke på at det skulle framførast saman med ein dansar. Difor dansar teksten av garde i lette rytmar og rim og har innslag av song og regler og nonsensdikt.

 

Saman med dansaren Magdalena From Delis har han no laga den vesle førestellinga ”Eg er Lisa, eg er fin” som inneheld både dikt og dans, song og leik med ord og rytmar. 
Alt framført av deira kroppar og stemmer.

Ho dansar og syng. Han les og syng.
Førestellinga varer i 30 minutt og høver godt for dei største i barnehagen eller dei minste på skulen.

 

Velkomen!

"Eg er Lisa, eg er fin"
Atle Hansen



Atle Hansen er forfattar og musikar, busett på Stord.
Han har skrive mange bøker for born og vaksne, og gitt ut plater med eigne songar.
Han har turnert mykje i Den kulturelle skulesekken over heile landet.

Magdalena From Delis



Magdalena From Delis er ein svensk dansar busett på Stord.
Ho er utdanna frå den svenske Balletakademien m.a. og har etter ho flytta til Stord både undervist i dans og vore ein aktiv utøvar. Ho har sett opp alt frå store og små førestellingar og gjort solodansar/koreografier i ulike små og store samanhengar.

Hemsidor

Atle Hansen:

www.atlehansen.net

 

Magdalena From Delis:

www.magdalenafromdelis.com

 

Kontakt

Ta Kontakt for vidare information & førestælnings bokning:

 

magdalena.delis@gmail.com

post@atlehansen.net

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

18.06 | 22:11

Giving is the key........,to living!
Film: Hidden figurer!!!
Klem

...
12.05 | 11:54

Är manniskan skapelsens krona med SKAPARENS unika uppdrag,
anpassat för varje individ?
Om inte Gud finns är allt tillåtet! Dostojevskij
i Bröderna Karamansov

...
12.05 | 11:52

Vad är en människa? Ett socialt djur? Djur? Djurriket har hierarkier!
Den svage går under sen går utvecklingen vidare...Det är utveckling enligt
socialdarvinism

...
27.03 | 12:56

Så aktiv du är skriver en stolt far!

...
Du liker denne siden